4.1 NITOL som forsøk
4.2 Evaluering
4.3 Forskningsområde, problemstillingar
NITOL legg opp til forskning der ein vil finna ut meir om -
- etablering av nettverksbaserte læringsmiljø for kooperativ læring og utveksling av erfaring, kunnskap og kompetanse.
- samarbeid mellom og innan høgre utdanningsinstitusjonar om formidling av
studietilbod for ulike fagområde.
- utnytting av spesiell kompetanse/ekspertise ved éin institusjon for studentar og
kollegaer ved andre institusjonar
- utvikling av eit godt tilpassa teknologisk miljø for fleksibel og kooperativ læring, "Den
elektroniske læringsarena".
- rasjonalisering og automatisering av registerings/evalueringsdelen
- utprøving av nye, pedagogisk tilpassa verkty for 'den elektroniske læringsarena'
- utnytting av AI-metodar (kunnskapsteknologiske metodar) i undervisning
- utnytting av hyperstrukturar som hypermedia, hyper tekst til formidling av lærestoff
- utnytting av ulike dataoverførings-system, som t.d. modem, digitaltelefon, ISDN,
lokale og globale datanett, breibandsnett.
- fjernstyring av arbeidstasjonar i eit datanettet.
Gjennom erfaring frå JITOL-prosjektet, studiar i drift og vedlikehald av edb-system, og
hovedfagstilbod i informatikk og i pedagogisk informasjonsvitenskap, har ein alt eit visst
kjennskap til interesse, behov, oppslutnad og vurdering av metodar frå studentar med
interesse for informasjonsteknologi. Under dette prosjektet, NITOL, ønskjer ein også å prøva
konseptet på ei breiare målgruppe og med eit større fagtilbod.
Etter mønster, evalueringsverkty, og metodikk som under JITOL, vil ein som metaspørsmål
evaluera;
- Studentprofilar (bakgrunn, arbeidssituasjon, planar/mål med deltakinga).
- Vurdering av studieopplegget, samanlikna med andre, alternative modellar
- Studieresultat, samanlikna med ordinære ('kontroll -') grupper
- Fagleg/metodisk evaluering av tilboda, vurdert av fagfolk (instruktør, førelesar etc.)
- Registering av aktivitet på nettverket, spesielt på diskusjonskonferansane
- Teknologiens rolle i ulike delar av opplegget (Til hjelp? Blir han eit mål i seg sjølv, og i
tilfelle til nytte eller ikkje? Endring.)
For å få nytte av evalueringa, er det viktig med rask melding tilbake til kurs-ansvarlege. I den
formative delen vil ein leggja vekt på effektiv innsamling, bearbeiding og melding tilbake til
læraren via datateknologi og bruk av datanett i evalueringsfasen, dvs. under heile forsøket.
Arbeidsmåten vil byggja vidare på erfaringar frå WP2 i JITOL-prosjektet der ein baserar ein
stor del av evalueringa på 'on-line questionnaires', med (tilnærma automatisk) registering av
aktivitet, og einskilde innslag av 'case' studier.
Som aktuelle forskningsområde ser ein i utgangspunktet seks forskningsdimensjonar som
spesielt interessante, både kvar for seg og som kryssande problemstillingar;
- Bruk og utbreiing av NITOL-tilbodet
- Læring og kunnskapsoppbygging
- Organisasjonsendringar
- Tekniske system, utvikling og potensiale
- Prosjektets service, design og administrasjon
- Metodikk, pedagogikk knytta til kooperativ, nettverksbasert læring
Dimensjonane kan illustrerast i følgjande modell.
- Korleis brukar (administrerer) aktørane tida si? Når (tidspunkt) og kor lange arbeidsøkter? Kor ofte?
- Korleis utviklar aktørane si eiga oppfatning av læringsbehov? Kva er deira indivduelle
læringsmål? Korleis verdset dei nytten av ulike læringsressursar for å oppnå sine mål?
- Har aktørane forståing for medverknad til utvikling av ein veksande kunnskapsbase?
Korleis og på kva måte kan det best skje?
- Er det mogleg å definera ein "intensiv" NITOL-brukar? Kva er ein intensiv NITOL-
brukar for dei ulike aktørane? Korleis er hans/hennar arbeidsmiljø? Korleis er hans/hennar
læringsmiljø? Kva er forkrava for å kunne bli ein ‘intensiv’ NITOL-brukar?
- Kva motiverer brukarane ( t.d. kvalifikasjonar, eiga utvikling, fagemnet, det tekniske
systemet, ‘premiering, løn . . )?
- Kva utbytte oppnår ein ved deltaking i NITOL ( t.d. utdanning, vitnemål)?
- Kva er bruksverdien for NITOL-kursa? ( større lærings-utbytte/kvalitet, rask tilkomst til
førelesar eller støttepersonell, sparer tid, ikkje bundne til tidspunkt, ikkje bundne av geografi
(distriktstilbod), ikkje tilsvarande tilbod på eigen institusjon...)
- Korleis varierar NITOL-deltakinga med dei ulike faktorane ovanfor.
- Yter NITOL eit verkeleg distribuert undervisningstilbod. På kva vilkår?
- Korleis utviklar kontakten mellom aktørane seg i lærings-/undervisningsmiljøet?
- Kva forstår ein med ein veksande (groande) kunnskapsbase. Kva er kostnaden med å sette
dette ut i livet (‘Reification’). Korleis er kvaliteten?
- Kva for andre studie- og læringsformer kan jamførast med tilbodet under NITOL?
- Er læringenstilbodet under NITOL effektivt? Kva er kriteriene for effektivitet?
- Kva er ope i NITOL si open læring?
- Korleis fungerer elektronisk kunnskapsformidling, samanlikna med andre medier?
- Korleis utnyttar brukarane konferansesystemt? Til faglege diskusjonar? Til sosial kontakt?
- Er det læringsgevinst å henta frå det elektroniske nettverket samanlikna med anna
‘fjernundervisning’? Samanlikna med førelesing (på universitet/høgskular)?
- Er det skilnad på fag/emne som eignar seg for elektronisk formidla læring?
- Har NITOL-opplegget verdifulle læringseffektar? Er der metodar/effektar som kunne vore
forbetra?
- Er det samsvar eller konflikt mellom læringstilbod/kunnskapstileigning og krava til
institusjonen/firmaet? På kva måtar verkar dette?
- Kva er organisasjonsvilkåra for å implementera NITOL?
- Kva endringar skjer i organisasjonar som deltek i NITOL?
- Korleis er NITOL blitt integrert i organisasjonen sine mål og verdiar?
- For kven og til kva føremål er NITOL eigna?
- Kan NITOL nyttast som modell for eit breiare samarbeid mellom norske høgare
utdanningsinstitusjonar, som ei realisering av Norgesnettet?
- Korleis oppfattar undervisnings- og forskningspersonalet arbeid innanfor NITOL-systemet?
Som ei ekstra belastning eller som eit utvida, fagleg forum?
- Korleis oppfattar studentar den ‘opne’ organiseringsforma? Som ei enklare form for
studiegjennomføring, eller som eit ‘mindreverdig’ studietilbod?
- Kva med kopi- og opphavsrettar til elektronisk utvikla studiemateriale? Kan det finnast ei
form for avtale om utveksling av produkt, eller skal alle elektroniske ‘førelesingar’ vernast
(teknisk) mot kopiering?
- Kan tilbod av typen NITOL føra til utarming/reduksjon av fagmiljø ved universitet og
høgskular? Driv forskningspersonalet heimebasert undervisning og forskning? Vil studentane
spara tid og pengar på heimebaserte studier?
- Kan fleksible læringstilbod føra til forlenga studietid?
Teknologiske forskningsområde:
- Organisering, d.e. metodar for å organisera informasjonen på ein måte som gjenspeglar
ønskje/behov aktørane har for å adressera han. "Open-ended", frie, system må hjelpa og
støtta den individuelle brukar til å organisera informasjon etter eige ønskje, "organisera på sin
måte".
- Gjennomføring, d.e. opplegg for lettare å orientera seg i informasjonen og gjera seg nytte av
"opne" system, finna att og behandla informasjon i dei same systema. Sidan oppgåva med å
skapa læresekvensar også skal kunna falla på studenten sjølv, så må ein gjera verktya mest
mogleg tilgjengelege, slik at studenten på ein lett og naturleg måte kan "setja opp
læresekvensar".
- Informasjonsbehandling, d.e. utvikling av verkty som tillet direkte manipulasjon av
informasjon, organisering og konstruksjonar. Eit sentralt punkt her er konkret manipulasjon,
t.d. av objekt i modellar.
- Fleksibilitet, d.e. tilrettelegging av ressursane slik at studentane kan oppnå måla sine på
alternative og fleksible måtar. Ideelt bør ressursane vera kontekstsensitive og støtta opp
studenten i høve til det nivå og dei evner han har. Det kan difor vera trong for å gjera
ressursane tilgjengelege på alternative og komplementerande måtar.
- Kommunikasjon, d.e. utvikling av kompetanse, metodar og verkty for korleis aktørane på ein
naturleg, effektiv og transparent måte kan kommunisera, i, til og frå læringsmiljøet. Ein må
forska på kva kommunikasjonsformer og -media som utfyller og gjer undervisninga rikare.
Synkron kontra asynkron kommunikasjon, eller ei blanding? Kva informasjon treng ein? Enkel
tekst, grafikk, bilete og lyd, stillbilete, animasjonar, biletsekvensar? Eller full biletleg og
lydmessig kommunikasjon gjennom det som vi kjenner som bilet-telefon? Det vil også vera
trong for å forske på integrasjonsfaktoren av desse komponentane, for eksempel om alle må
vera tilgjengelege på same skjerm til same tid?
- Hyperstrukturar, t.d. eigenskaper i ulike hyperstrukturar, nodar, lenker, krav til navigering,
krav til oversikt/hyperstrukturkart. Korleis kan nye former for interprosess kommunikasjon ha
innverknad på node- og lenkestrukturane?
- Multimedia, d.e. tilknytting og utnytting av multimediastasjonar. Kva utbytte vil ein ha av dei,
korleis brukar ein dei best o.l.?
- Overføring i høghastighetsnett. Knyta saman multimediastasjonar over slike nett, og studera
korleis ein kan utnytta dei. Kva fordelar har dei?
Funksjonaliteten til det tekniske systemet:
- Krava til funksjonalitet for ulik bruk under NITOL?
- Administrasjons- og vedlikehaldsoppgåver ved eit system som NITOL? Korleis kan ein løysa
dei, av kven (eventuelle kunnskapskrav e.l.)? Kva tilbyr det tekniske systemet som er spesielt,
nytt, innovativt?
- Integrering av ressursar, som t.d. kunnskapsdatabasen, leksjonane (f. eks. hyperstruktur),
kommunikasjonssystemet, postsystemet, og andre ressursar/verkty
- Kva er funksjonane og oppgåvene for administrasjon, designer og evaluator?
- På kva måte er aktørane involvert i design, administrasjon og evaluering?
- Er det under NITOL behov for å ha både formativ og summativ evaluering?
- Kan vi gjera greie for administrasjonsprosessen?
- Kan vi gjera greie for evalueringsprosessen?
- Kan vi gjera greie for designprosessen?
- Kva er sams mellom dei nemde prosessane? I tid, i oppgåver? (Her meinar ein NITOL som
teneste og ikkje som produkt)
- Kva er kostnadane for systemet? Korleis kan ein evaluera kostnadane, samanlikna med
andre system?
- Kva er hovudpunkta i implementeringsprosessen?
- Medfører opne læringsopplegg generelt - og NITOL spesielt - behov for revurdering av
tidlegare aksepterte, pedagogiske prinsipp?
- Kva avgrensingar og kva potensiale har den elektroniske læringsarena, samanlikna med
tradisjonell, høgre utdanning?
- Kva spesielle krav til metodikk og pedagogisk tenking stiller NITOL-konseptet til
undervisningspersonalet?
- Kan pedagogisk/metodisk nytenking innan NITOL ha (positiv/negativ) innverknad på
tradisjonell undervisning?
- Stiller opne læringsopplegg andre krav til studentane enn tradisjonelle læringsformer?