3.1 Mål 3.2 Målgruppe 3.3 Innhald 3.4 Metodar og læremiddel 3.5 Media 3.6 Vurdering og dokumentasjon 3.7 Pedagogisk grunnlag 3.8 Kursinnhald
Nye metodar og hjelpemiddel, basert på hyper-tekst og hyper-media, blir utvikla som del av prosjektet. Både vitskapleg personale og studentar ved dei 4 institusjonane arbeider med ulike utviklingsprosjekt for open læring. Felles-katalogen over JITOL-tilbod viser at i alt 18 kurs var planlagde og til dels ferdig utvikla for andre utprøvingsfase (‘Second User Trials’); ca halvparten av desse fekk tilstrekkeleg oppslutnad til gjennomføring V/94. For H/94 er tilbodet utvida til over 20 kurs.
Ved Ifi/UNIT deltok i alt 12 hovudfagsstudentar V/94 i utvikling av ulike modular som legg til rette for utnytting av infrastruktur, nettverk og IT til formidling og distribusjon av kunnskap. Her blir det arbeidd både med 'on-site', PC-baserte verktøy og kursmateriell, og med nettverks- baserte produkt til bruk både lokalt (LAN) og nasjonalt /internasjonalt (WAN).
Ved UNIT er også utvikling av prosjektet Den elektroniske læringsarena (Delf) igang. Her vil ein integrera ulike kommunikasjonsformer, presentasjonsteknikkar og kunnskapsteknologi som t.d. bruk av Neurale nettverk. Det er eit mål å gjera læringsarenaen mest mogleg tilgjengeleg, såvel via datanett som via telefon.
Av dei mest interessante produkta ved Ifi/UniT, er utviklinga av HypGen, eit PC-basert hjelpemiddel for presentajon av lærestoff og til eigen-aktivitet for studentane. Med utgangspunkt i skjerm-baserte 'over-heads', legg HypGen til rette for tilgang på hyperstrukturar for supplerande informasjon, oppgåveløysingar etc. Med bruk av AI-metodar ved lagring, organisering og gjenfinning av kunnskap legg ein opp til intelligent oppgåveløysing. Sentrale omgrep i strukturen av HypGen er Case Based Learning og Neurale Nett. Alle grunn-verktøy i utviklingsdelen er MS-Windows baserte program (Word, PowerPoint etc.), medan det endelege læringsproduktet kun krev at sjølve Windows er installert på maskinen.
Ved Stord LH / UiB arbeider p.t. 4-5 hovudfagsstudentar med utvikling av IT-baserte kurs og læremiddel som alt i utgangspunktet er sikta inn mot fleksibel eller open læring. Her prøver ein å integrere arbeidet med andre fagområde (t.d. pedagogikk, miljølære, spes.ped.).
TIH/TISIP har alt tidleg i JITOL-perioden spesifisert og utvikla programvare for nettverk, database- og kommunikasjons-system, produkt som no inngår i hjelpemidla for NITOL- utprøvinga. Dei har ei sentral rolle for vedlikehald, installasjon, tilrettelegging og drift av nettverk, konferansar og elektroniske post-system, til no basert på Winix-systemet. Både NoteEditor og CAPTURE er prototypar/produkt utvikla til bruk under JITOL.
Dette arbeidet har ein vidareført gjennom utvikling av nye grensesnitt for elektronisk post og konferansar som er kompatible med Winix-systemet. Ein har under etablering eit forskningsprosjekt innan undervisningsteknologi, FLINK (Fleksibel Læring over Internet gir Ny Kompetanse). I dette prosjektet inngår m. a. programvare for administrering av nettverksbaserte uindervisningstilbod og utvikling av læremiddel basert på World Wide Web (WWW). FLINK-prosjektet er ope for partnarar frå det offentlege og frå næringslivet, og har alt no eit samarbeid med Vaksenopplæringa i Sjøforsvaret, Trondheim Kommune og Ad Notam forlag.
AID har i tillegg til produksjon av kursmateriell, også ansvar for evaluering av JITOL/ NITOL, m.a. ved utvikling av on-line baserte spørje-skjema som blir distribuerte og samla inn via det same nettverket som lærestoffet følgjer. Innhaldet i desse formulara byggjer på arbeidet innan den internasjonale JITOL-gruppa, og er vidareutvikla for norske føremål.
Nettverket formidlar to-vegs kommunikasjon, både ein-til-ein (post), ein-til-mange (konf. / distribusjon) og mange-til-mange (konf./diskusjon). For deltakarar som ikkje disponerer eigen PC/nettverk, har dei involverte (og mange andre!) institusjonar nettverk, maskinar og programvare til disposisjon. Vidare vil Forsvaret m.a. oppretta studiesentra, som også er opne for andre, einskilde vg. skular fungerer som regionale ressurssentra osv. For å spara kommunikasjonsutgifter (d.e. telefon), kan individuelle deltakarar elles gjera avtalar om å kopla seg opp mot lokale Winix / UNINETT-nodar. Det blir også arbeid med å gjera fjern- inlogging (via modem) tilgjengeleg over X.25 (DataPak) for å spara utgifter for den einskilde studenten.
På media-sida er det ei hovudmålsetjing med prosjektet å etablera og prøva ut eit elektronisk læringsmiljø. Dette prøver ein å oppnå ved m.a.:
norwin.fu.<institusjon>.<kurs>.materiell
- til distribusjon av felles læremateriell, oppgåver etc., og
norwin.fu.<institusjon>.<kurs>.diskusjon
- for faglege/teknologiske innlegg, praktiske informasjonar, meiningsutveksling, løysingsforslag, kommentarar etc. I tillegg til desse dedikerte konferansane for kvart kurs, er det oppretta ein for generell, felles informasjonskonferanse
norwin.fu.info
- for meir generell informasjon om fjernundervisning, nettverk, programvarer etc.
Andre opplegg for organisering, rettleiing, kurs- og eksamensansvar mellom samarbeidande institusjonar kan koma på tale (sjå pkt. 2.4.1) for einskilde kurs og for samansetjing til 10 eller 20 vekttalseiningar.
Ein har starta arbeidet med definisjon av ein kursmeny med bidrag frå dei 4 institusjonane, der det er mogleg å ta eksamen i (minst) 20 vekttal (grunnfag) innan informatikk/informasjonsvitskap, utan overlapping, og med godkjenning av eininga som del av utdanninga ved kvar av dei 4 institusjonane.
Spesielt for høgskolekandidat-utdanningen ved TIH gjeld det at alle faga i 1. årskurs (20 vekttal) vert tilbodne på nettverket. Tar ein alle desse, vil det gje direkte opptak i 2. årskurs (kan være kapasitetsavgrensa).
Dette kan evt. vera første steg på vegen til etablering av eit norsk nettverks-universitet, med felles reglar for eksamen og vekttal. Her må ein sjølvsagt samrå seg med Universitetsrådet og andre godkjenningsinstansar, og koma fram til eit regelverk som ikkje kompliserer studier og kompetanse-krav unødig for studentar som vel alternative vegar mot sitt mål.
Den didaktiske trekanten er den grunnleggjande modellen for all undervisning:
Klassisk undervisning skjer ved at elev/student og lærar er på same stad. Målet med undervisninga er:
Pedagogisk teori og praktisk erfaring fastslår at mest effektiv læring får ein når denne byggjer på dei prinsipp som kan illustrerast med 'pedagogikkens tre'. (Edvard Befring, "Forskningsprogram for fjernundervisning").
Pedagogikkens tre illustrerar at grunnforma for læring er imitasjon. Læraren representerer ei strukturering og individualisering av læreprosessen. Skal studenten sjølv kunne tileigna seg stoff, må informasjonen finnast skriftleg, i lærebøker. Illustrasjonar er viktig for å illustrera både tekst og tale. Mange fag, t.d. geografi, fysikk etc. er det i praksis uråd å undervisa utan kart og illustrasjonar.
Dersom lærestoffet ikkje berre skal bli rein teori, må det brukast aktivt i praksis, ikkje minst er det tilfelle i informatikkfaga. Dersom studentane skal bli dyktige innan faget, er det svært viktig at dei får tilbakemelding under læreprosessen. Ei anna viktig side ved all verksemd er behovet for samhandling og samarbeid. Gjennom gruppearbeid kan denne arbeidsforma lærast og øvast opp. Samarbeid og dialog i grupper blir også ei viktig kjelde til å framskaffa og bearbeida lærestoffet.
Når ein skal vurdera val av medier, og pedagogisk tilrettelegging, er det viktig å få dekka også dei øverste delene av 'pedagogikkens tre'. Kor lett er det for studentane å få til dialog og samhandling seg imellom? Kor lett er det å få dialog og melding tilbake frå lærar? Kor lett er det å formulera det skriftlege, utnytting av ulike typografiar? Kor lett er det å arbeida med illustrasjonar? Utarmar mediet formidlingsmåtane lærar og student til vanleg har til rådvelde?
Under NITOL vil ein leggja stor vekt på å utnytta teknologi som ikkje utarmar vanlege formidlingskanalar. I ei undervisning som skal foregå på norsk, vil ein til dømes ikkje kunna akseptera innskrenking til berre å kunna arbeida med engelsk alfabet eller mangel på grafikk/illustrasjonar, slik mange data- og kommunkasjons-system er bundne til. Det skal vera pedagogikken og ikkje teknikken som set premissane. Likeeins må teknikken vera lett og likefram å bruka, slik at han ikkje blir ei eiga utfordring for studenten, eit sidespor som forstyrrar læreprosessen.
For å tilfrestilla behovet for dialog, samhandling, tilbakemelding, gruppearbeid m.m. må ein gjera seg nytte av teknologi som legg tilhøva til rette. Det vil her vera tale om bruk av elektroniske konferansar der ein kan tilfredstilla og utnytta heile det pedagogiske treet.
Erfaring har vist at det kan vera vanskleg å få i gong aktiviteten i konferansar; det kan som i store fora (auditoriet) vera skremmande å 'ta ordet '. - 'ordet' blir offentleg. Såleis gjenspeglar elektroniske konferansar livet elles. Det er difor viktig at kursansvarleg opptrer som møteleiar ved å førebu ein innleiande agenda, ofte gjera oppsumeringar eller oppklaringar om kva som har gått føre seg tidlegare i konferansen; freiste å uttrykke ei gryande semje, eller leggja opp til ei formell avstemming; føle signala når det er tid til å skifte tema og kunngjere det.
Utan denne type aktivitet frå kursarrangørane si side, vil ein konferanse ha svært vanskeleg for å koma i gang, for å bli eit forum for utveksling av meiningar, erfaringar og spørsmål. Dette er spesielt påpeikt av Mason, Robin, Kaye og Anthony i MINDWEAVE - Communication, Computers and Distance Education, av Solvik i Kommunikasjon og fjernundervisning med Winix, et pionerprosjekt ved Østlandet sjøforsvarsdistrikt, og av Ask, Haugen i The JITOL Experience (1994).
Ein didaktisk modell for distribuert-/fjernundervisning er vist i følgjande figur (Elektroniske informasjonskilder; KUF/AAD)
I denne modellen kan studentane kommunisera direkte med læraren, med kvarandre og med ressurssenteret. Ressurssenteret vil vera dei ressursane ein finn ved ein institusjon, bøker, læreprogram, databasar osb. I tillegg til lærar kan elvane ha lokal rettleiar (V) og få tilleggsundervisning lokalt. Ein student må ha tilgang til teknisk utstyr etc. (LU). Til saman kan ein seie at dette utgjer ein 'virtuell klasse', der studentane ikkje treng vera samla fysisk, men held elles oppe vanlege klasse/gruppe-funksjonar og samkjensle via nettverket.
Ved SLH legg ein i første omgang spesielt opp til kurs som ved fornuftige kombinasjonar kan kvalifisera for
Ved Ifi/UNIT går kursa inn som deler av mellom- og hovudfagsundervisninga i informatikk. Ved AID går kursa inn både som delar av den ordinære dataingeniørutdanninga og som delar av eit 20 vekttalsstudium i informatikk.
Innpassing ved dei ulike institusjonane er ei av dei sentrale utgreiingsoppgåvene for arbeidet i forsøksperioden.