Kvifor N I T O L ?


2.1  Målsetjing for NITOL
2.2  Utdanningspolitiske argument
2.3  Pedagogiske argument
2.4  Økonomiske argument
2.5  Opplegg for samarbeidet


Med bakgrunn i JITOL-prosjektet og ut frå behov for tilgang på høgre utdanning i Noreg, har ein ved utforming av NITOL-programmet konsentrert seg om utforming av ei generell målsetjing og 3 hovudgrupper av argument.

2.1 Målsetjing for NITOL

Dei fire involverte institusjonane i NITOL har som si primære målsetjing med aktiviteten å


2.2 Utdanningspolitiske argument

2.2.1 Samarbeid og utveksling

Samarbeid mellom institusjonar er eit strategisk verkemiddel i vår nasjonale utdanningspolitikk. Mest kjent i den samanheng er utvikling av eit nasjonalt kunnskapsnett, Norges-nettet, mellom høgre utdannings- og forskningssentra i Noreg.

I brev av 12.07.93 "Retningsliner for samarbeid om hovudfag og andre studietilbod" og brev av 10.08.93 "Norgesnettet vidare arbeid med fagprofil, arbeidsdeling og samarbeid i 1993-94" frå KUF, og i St. prp. nr. 1 (1992 - 93) og St. meld 40 (1990 - 91) klårgjer departementet mellom anna prinsipp og retningslinjer for samarbeid mellom høgre utdanningsinstitusjonar.

Samarbeidstrategi har lenge vore ei viktig utdanningspolitisk målsetjing ved ulike institusjonar. Til dømes har AVH/Universitetet i Trondheim i alt eit førtitals samarbeidsavtalar med andre høgre utdanningsinstitusjonar, særleg med regionale høgskular og forskningssentra. Eit anna etablert samarbeidsprosjekt er hovudfagsundervisninga i pedagogisk informasjonsvitskap, der Universitetet i Bergen og Stord lærarhøgskule gir eit felles studietilbod.

For IFI/AVH er samarbeid med regionale høgskular om grunn- og mellomfagsundervisning i samsvar med instituttet sin strategiplan. Ved eit godt samarbeid legg ein dermed opp til å kunna frigjera ressurser for innsats på dei høgre nivåa, hovudfag- og dr. grad, og til forskningsarbeid.

For SLH er læremiddel-utvikling eit definert satsingsområde, nær knytt til hovudfagstilbodet innan pedagogisk informasjonsvitskap. Slik utvikling omfattar også læremiddel retta mot fleksible og nettverks-baserte studieopplegg, med vekt på å involvera andre fagområde enn IT-baserte emne.

Edb-avdelinga ved TIH gir 2-årig høgskulekandidatstudium i Drift og vedlikehald av edb- system. Første året av dette tilbodet blir gitt som eit ope, nettverksbasert tilbod. Det gir høve for personar med ansvar for drift til å kunna kvalifisera seg og kombinera arbeid og utdanning. Avdelinga satsar spesielt på utvikling av kommunikasjonsprogramvare for fjernundervisning og fleksible læringsopplegg.

AID har særleg god kontakt med næringslivet og ser det som ei av sine oppgåver å gi tilbod om etterutdanning/bedriftsintern opplæring til næringslivet. Utvikling av opne/ fleksible læringsmiljø er eit steg i denne retninga.

Ut frå dei erfaringar ein alt har fått, vil eit utvida samarbeid mellom dei deltakande partane liggja særskilt vel til rette, både med omsyn til undervisning og forskning. Partane representerer ulike utdanningsnivå og fagprofilar, der eit samarbeid vil styrkja og utfylla tilboda og arbeidet ved kvar institusjon. Spreiinga mellom institusjonane, både med omsyn til utdanning, fagområde og geografi, meiner ein berre er utfordrande og legg særskilt vel til rette for bruk av nye, fleksible læringsformer ved hjelp av ny teknologi og datanett.

2.2.2 Rikare studietilbod

Dei samarbeidande institusjonane vil samla kunne gi eit rikare studietilbod til sine studentar enn dei kan kvar for seg. Samarbeidet må legga særleg vekt på å kunna utnytta dei ulike fagprofilane, satsingsområda og den faglege ekspertisen institusjonane står for. Høgskulane vil gjennom samarbeidet kunna styrka fagtilboda på grunn- og mellomfagsnivå, medan det vil vera naturleg at IFI legg mest vekt på tilbod på mellom- og hovudfagsnivå.

Av spesielle profilar som alt skil seg ut, kan ein nemna: IFI; kunnskapsteknologi, TIH; datakommunikasjon/distribuerte-system, drift, programmeringsspråk, SLH; pedagogisk informasjonsvitskap, systemdynamikk og simulering, AID; programmeringsmiljø, telematikk, evaluering.

2.2.3 Smidigare studiesituasjon

Mange studentar ønskjer å ha større tilbod enn ein einskilde institusjon kan tilby. Dertil kjem at mange ønskjer eit smidig tilbod som gjer at dei står friare til å studera når dei vil, i tilpassa tempo med friare gjennomføringskrav, og med val av kor dei kan studera, til dømes heime. Ei fleksibel undervisningsform med open læring legg til rette for dette.

Mange studentar vil gjerne studera i eit tempo tilpassa sin økonomiske og sosiale livssituasjon. Tilpassing til studier på studentane sine premisser kan ein sjå på som ei dreiing frå lærar-sentrert undervisning til student-sentrert læring. Fleksibel læring med distribuert undervisning, vil ikkje berre leggja til rette, men også vera ein naudsynt føresetnad for slik tilpassing.

2.2.4 Støtte til vanlege undervisningsformer

Opplegg for open og fleksibel læring med undervisning over datanett krev særleg vel tilrettelagde kurs, både med omsyn til struktur, kursmateriell og med tilgang til kursa. Utlegging av kursmateriell og kurskonferansar i datanett og bruk av meir fleksible læringsformer, vil kunna styrkja dei kursa ved institusjonen som ein også vel å tilby som tradisjonelle førelesingar. Ein vil i slik kunna innarbeida nye studie- og lærings-former som supplement til eksisterande undervisning.

2.2.5 Studietilbod utanfor institusjonane

Studietilboda som blir utarbeidd for samarbeidspartane vil ein også kunna tilby utanfor dei 4 institusjonane. Her vil ein då enten kunna gi tilboda til andre samarbeidspartar som tilbyr eit støtte-miljø, eit lokalt studie-senter som tilfellet har vore med Forsvaret, eller til einskild- studentar, som meir open fjernundervisning.

Ved alle høgre utdanningsinstitusjonar er det ei fastlagd målsetjing å kunna tilby etter- og vidareutdanning. Spesielt vil fleire av datafaga vera aktuelle for personar som ønskjer å ta formell utdanning i kombinasjon med noverande arbeid i verksemder eller offentlege institusjonar. Mange verksemder er alt knytta til INTERNET, eller har høve til å knyta seg til via oppringt samband, anten direkte til UNINETT eller via ein annan institusjon. Ein vil spesielt innan etterutdanning av lærarar i samband med R’94 kunna tilby kurs etter dei nye fagplanane. St.meld. nr. 24 (1993-94) legg spesielt vekt på bruk av fjernundervisning og utnytting av elektroniske nettverk, og slår fast at alle skular skal få tilgang til UNINETT.

Andre miljø, til dømes SIRNETT (Skoler i regionalt nettverk i Sør-Trøndelag) ønskjer å kunne tilby universitets- og høgskulekurs via lokale studiesenter. Likeeins ønskjer det planlagde kompetansesentret for Fosen å formidla slike tilbod, og ein har også uttrykt tilsvarande ønskje frå Haakonsvern (Sjøforsvaret), Møre & Romsdal, Rogaland fylke.

Undersøkinga frå Fosen viser t.d. at der er stort behov for slike tilbod. Sjølv om Fosen kommunane har heller kort reiseavstand til Trondheim med eit rikt høgre undervisningstilbod, så syner undersøkinga likevel at berre ein liten del av Fosen-innbyggjarane nyttar seg av slike tilbod. Dette samanlikna med at talet på arbeidslause i Fosen var godt over gjennomsnittet for heile landet, indikerer eit potensiale for utdanningstilbod.

Ei anna interessegruppe er dei mange elevar frå vidaregåande skule som tar omatt eitt eller fleire fag, men som ikkje 'fyller dagen' med slik aktivitet. Dei ønskjer då i tillegg å starta med kurstilbod frå universitet og høgskular og såleis førebu seg godt for seinare studier der.

Arbeidmarknaden for akademikarar og andre med høgre utdanning endrar seg frå år til år. Mange utan fast arbeid kunne sikkert like gjerne tenkja seg kvalifiserande studietilbod, som diverse arbeidsmarknads-kurs. Andre kunne nytta høvet til å gå vidare frå den grunnutdanning dei alt har, inn på nye fagområde eller til høgare kvalifikasjonar.

2.2.6 Rikare samarbeid for tilsette

Med dei ulike fagprofilane ved samarbeids-institusjonane vil eit nært samarbeid styrkja det totale lærar- og forskningsmiljøet ved kvar institusjon. Erfaring viser at ein kan samarbeide nært og effektivt gjennom bruk av datakommunikasjon, i eit 'virtuelt' samarbeidsmiljø. Dette er alt etablert mellom NITOL-institusjonane, og er i ferd med å spreia seg også til andre enn dei involverte IT-miljøa. Ein har eit effektivt hjelpemiddel for å knyta og utnytta kontaktar på tvers av institusjonar, regionar og landegrenser.

2.2.7 Utnytting av teknologi

Ny teknologi påverkar i aukande grad både undervisningsroller og synet på læring. Opplysningar om eksamens-juks ved høgre utdanningsinstitusjonar ved hjelp av ny teknologi, viser at ingen kan la vera å ta stilling til dette. Om ein vil eller ikkje, så vil det ha innverknad på undervisnings- og eksamensopplegg.

Mange studentar kjem til dei høgre utdanningsinstitusjonane med erfaring i bruk av ny teknologi. Erfaringa kan dei ha frå vidaregåande utdanning, frå arbeidspraksis eller frå velutstyrte heimar og private opplegg. Det vil då vera nærliggjande å gå ut frå at slike studentar vil lære meir effektivt i omgivnader som tek vare på og vidareutviklar deira teknologiske kunnskaper.

For dei fleste studentar, same kva faglege interesser og fordjupning dei vil ha, så vil kvardagen etter studiet vera eit møte med tele-, data-, og mediateknologi. Ikkje minst vil bruk av datakommunikasjon vera med på å prega deira framtidige arbeidsdag, og truleg også til ei viss grad, fritida.

Det er då vesentleg at høgre utdanningsinstitusjonar gjer sitt til at studentane kan møta denne utfordringa. Det gjer dei best ved å etablera eit studie- og arbeidsmiljø der studentane kan få sine eigne erfaringar. Dette kan ein oppnå med å bruka ny teknologi i studiesituasjonen, ikkje berre til oppgåveløysing. Teknologien kan nyttast både til formidling, sjølvstudium, kunnskapsinnhenting og -søking, kooperativ læring, problemløysing osv.

2.2.8 Samarbeid med EU-land

Med utgangspunkt i samarbeidet ein alt har etablert med europeiske fagmiljø, gjennom t.d. JITOL-prosjektet, kan ein bygga dette vidare ut gjennom einskild-kontaktar miljøa og institusjonane imellom, eller gjennom nye EU-prosjekt. Deltaking i EU-prosjekt har gjort at ein har opparbeidd erfaring om kva som blir forventa av samarbeidspartar i slike prosjekt, samstundes som ein fått del i felles kunnskap og læring i internasjonale miljø.

Frå andre land har det vore interesse for å få tilgang til norske kurstilbod - under føresetnad av at dei blir tilrettelagde på engelsk eller anna aktuelt språk. Likeeins kan vi her i landet motta kurs frå samarbeidsparter ute. JITOL-kursa ( ialt 12 stk.) frå Lancaster blir til dømes tilbodne til 7 ulike land utanfor Storbritannia: Irland, Italia, Tyskland, Nederland, Belgia, Spania og Portugal.


2.3 Pedagogiske argument

2.3.1 Betre kvalitet på undervisninga

Opne og fleksible læringsmiljø, med varierte presentasjons-former, styrkjer lærings-effekten for studentar med ulike legningar og lærings-profilar. Det tradisjonelle mønsteret ved universitet og høgskular har einsidig satsa på verbal formidling via førelesningar, supplert med tradisjonelle oppgåve-løysingar, laboratorie-øvingar. Utnytting av ny teknologi, med bruk av lokale og internasjonale nettverk, interne og ekstenre databasar, varierte medier og opne, virtuelle læringsmiljø på tvers av institutt, avdelingar og institusjonar, vil vera med på å utvida og gjera studietilboda rikare. Her vil det samstundes vera større utfordringar og bli stilt større krav til strukturering og utarbeiding av læremateriell og kursopplegg.

2.3.2 Betre kvalitetar i læringsprosessen

Varierte og tilgjengelege tilbod gir større engasjement, høve til interaktivitet og faglege utfordringar, både for lærar og student. Fleksible læringstilbod gjev betre høve til individuell tilrettelegging og utnytting av dei optimale lærings- og studie-metodane for den einskilde. Samstundes blir det stilt nye krav til sjølvdisiplin i studiet, om evne til å orientera seg og og ta avgjerder i val av stoff og informasjon - slik ein også må gjera i seinare yrkeskarriere.

2.3.3 Bruk av ny teknologi

Med tanke på seinare livssituasjon og yrkespraksis, er det viktig at bruk av ny teknologi blir ein del av kvardagen, også for universitets- og høgskulestudentar. Tilvande arbeidsmåtar, val og sortering av informasjon, presentasjon av resultat osv. vil vera mellom kvalitetskrava i tevlinga om arbeidsoppdrag.

2.3.4 Breiare undervisnings- og læringsmiljø

Både nasjonale og internasjonale nettverk er med på å utvida den tilfanget av informasjon og fag-ekspertise. Studentane har heile tida tilgang på oppdatert kunnskap og resultat frå mange av dei fremste fag- og forskningsmiljø i verda. I ei tid med skort på ressursar er det viktig å samordna forsknings- og utviklings-innsats, og såleis leggja til rette for eit oppdatert utdanningsgrunnlag.

2.4 Økonomiske argument

Økonomiske argumenta kan vi sjå ut frå fleire ulike synsvinklar; frå samfunnet, institusjonane eller frå studentane si side. Samfunnet må sjå på samla ressursutnytting. For institusjonane vil økonomiske interesser vera knytte til kursutvikling og -gjennomføring, medan det for studentane vil vera den personlege økonomien som står i fokus.

2.4.1 Betre ressursbruk

For all undervisning, også på universitets- og høgskolenivå, krevst det grundig førearbeid. I utgangspunktet blir ikkje dette mindre ved NITOL-opplegget. Til kursa må det lagast strukturert læremateriell, som kan delast i modular, t.d. 6 pr vekttal. Til kvar modul må ein utvikla tekst, illustrasjonar, referansar, øvingsoppgåver, løysingsforslag osv. Første gong materiellet vært brukt, vil utarbeidinga koste ein del arbeid,avhengig av verktøy og ambisjonsnivå. Jamvel om ein må rekna med omlag 20-50 % fornying neste gong kurset skal presenterastast, så vil det utvikla opplegget vil kunne nyttast via nettverk, utan omsyn til talet av studentar. Utover dette vil det vera behov for ei viss meng rettleiing, via nettverk eller lokalt.

Kursa kan gjerast tilgjengelege på fleire ulike måtar, t.d.:

  1. Kursa blir tilbodne studentar ved samarbeidande institusjonar og det er opp til studentane å følgje dei på eige ansvar. Mottaks-institusjonane deltek ikkje spesielt i avviklinga, men stiller eksamenslokale, vakter etc. til rådvelde.

  2. Kurs blir tilbodne frå ein av samarbeidspartane, mottaks-institusjonane stiller med eigen instruktør ('tutor') som kan vera til støtte for dei studerande, ein person dei kan søkje råd og hjelp hjå, og som har god kontakt med institusjonen som har ansvar for kurset. Men det blir ikkje avsett noko spesielt fast øvingsopplegg e.l. ved mottakarinstitusjonane.

  3. Eit kurs vil normalt vera samansett av ein førelesingsdel og ein øvingsdel, og i nokre tilfelle, også ein del med øvings-rettleiing. Ei tredje kursform for mottaksinstitusjonane kan difor vera at ein tilbyr fast øvingsopplegg med støttepersonell, t.d. stud.ass.

  4. Den fjerde forma vil vera at mottakar-institusjonen tilbyr både førelesing og øvingsopplegg, medan opplegget på datanettet er tilgjengeleg som eit supplerande tilbod. Eventuelt kan tilbodet på nettet vera eit likeverdig alternativ. Eit eksempel her kunne vera at medan ein institusjon føreles og tilbyr Pascal som grunnspråk i programmering, så kan studentane få godkjent C++ over datanettet frå ein annan institusjon som eit likeverdig alternativ.

Av desse alternativa går det fram at dei største økonmiske gevinstane ligg i alternativ 1, og at økonomigevinsten sett frå mottaks-institusjonen, gradvis minkar til ein i alternativ fire knappast kan snakka om ein økonomisk gevinst i det heile. Skal ein difor frigjera ressursar frå undervisningstilbod, så må det gjerast ved å prøva å tilby undervisningsformer så langt framme i alternativ-lista (nær alt 1) som mogleg.

Tilbod om undervisning over datanettet kan bidra til at ein elles utnyttar både menneskelege og økonomiske ressurser på ein betre måte. Mange, både korte og lange reiser kan ein unngå utan at dette treng å gå utover kvaliteten på studietilboda, snarare tvert om; ein kan få betre tid til aktive studier. Hyppigare og nærare kontakt mellom lærar og student, og mellom studentane, kan ein óg oppnå ved bruk av datakommunikasjon som supplement til ordinær undervisning.

2.4.2 Studentøkonomi

Ein del studentar ser det som viktig å kunna halda ved like sosiale og arbeidsmessige forhold til heimeplassen under studietida. Skal ein oppnå det, må ein i praksis tilbringa mykje av studietida på heimplassen. Tilbod over datanett/datakommunikasjon kan gjera dette lettare og vil i tillegg vera eit positivt bidrag til studentøkonomien, og for mange vera avgjerande for om studiet blir gjennomført eller ikkje. Dyre reiser til og frå studiestaden kan reduserast, samstundes som ein held vedlike kontakten med miljøet, lærarar og medstudentar.

2.4.3 Miljøprofil

I den grad reisene skjer med bil, vil det også koma inn som ein positiv komponent i miljørekneskapet at ein i staden brukar datakommunikasjon til studie- kontakt. På sikt vil det også vera eit viktig bidrag i miljørekneskapet at ein no innarbeider alternative former for arrangement og organisering til det som er vanleg. Dette kan igjen vera eit bidrag til tiltak på andre område. Det er viktig at ein kjem ut av pratestadiet og syner praktiske alternativ.

2.4.4 Effektive kunnskapsnett

Samarbeid, forskning og fagleg fornying vil kunne skje raskare og rimelegare ved hjelp av eit nært og godt samarbeid om fleksibel læring og datakommunikasjon. Overføring av fagleg ekspertise og rådgjeving, gjenbruk av FoU-produkt i større miljø osv. er viktige vinstar ved oppretting og bruk av kunnskapsnettet.

2.4.5 Inntekter

Samarbeidet legg opp til ei tilnærma likeverdig ressursdeltaking frå kvar av dei deltakande institusjonane, og legg i den samanheng opp til at kurstilboda skal vera avgiftsfrie for studentar/tilsette ved dei deltakande institusjonane. Kurstilbod og andre investeringar jamnar ut kvarandre.

For kursdeltakarar utanfor samarbeidsinstitusjonane var det i utgangspunktet opp til den einskilde institusjonen å verdsetja sine kurs og ta eventuelt ta inntekter. Det var då ein føresetnad at desse ikkje var urimelege ut frå det som elles er vanleg i marknaden. Under NITOL-forsøket har ein likevel prøvt å koma fram til ein felles pris-politikk, med same betaling pr. vekttal.


2.5 Opplegg for samarbeidet

2.5.1 Målgrupper

Den viktigaste målgruppa er studentar ved dei fire samarbeidande institusjonane. Men elles vil tilbodet også vera tilgjengeleg for

Ein har hatt eit særleg nært samarbeid med vaksenopplæringa i Forsvaret. Dette vil ein byggja vidare ut. Elles vil ein i samarbeid med nordiske og europiske samarbeidspartar gjera forsøk med norske kurstilbod til andre land. Det kan her vera tale om kurs frå fleire av institusjonane. Erfaringane frå hovudfagstilbodet i pedagogisk informasjonsvitenskap ved UiB/SLH, og frå kurs innan JITOL, viser at det er stor interesse for slike utdanningstilbod.

2.5.2 Organisatorisk

Organiseringa legg ein opp som vidareføring av JITOL-Norge, med ei avgrensing til dei fire institusjonane AID, IFI/AVH/UNIT, SLH og TIH som alle står bak framlegget om NITOL. Her er det alt ein struktur med prosjektleiing og samarbeidsavatalar mellom dei deltakande institusjonane. Samarbeidet vil kunne justerast, evt. utvidast etter kvart som ein får noko betre røynsle, t.d. med å inkludera nye medlemmer.

SOFF (Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskolenivå) har sett det som ønskjeleg at NITOL blir eitt samla prosjekt, i staden for at kvar institusjon opptrer på eiga hand.

Organisering av det samla prosjektet er lagt opp med -