1.1 Norsk samarbeidsprosjekt 1.2 Erfaringar frå JITOL-prosjektet 1.2.1 Europeisk progam 1.2.2 Partnare i JITOL-prosjektet 1.2.3 Prosjekt-organisering 1.2.4 Erfaringer fr\145 JITOL-samarbeidet
Dei 4 samarbeidande institusjonane gav i utgangspunktet opne, nettverksbaserte studietilbod innan følgjande fagfelt og nivå:
Agder ingeniør- og distriktshøgskole, AID, tilbaud i første rekkje informatikk-kurs på grunn- og mellomfagsnivå, og tok hovudansvar for evaluering av prosjektet.
Stord lærarhøgskule, SLH, tilbaud spesielt pedagogisk retta kurs innan IT og andre skule-relaterte fag og emne, m.a. pedagogisk informasjonsvitskap på grunn-, mellom- og hovudfags-nivå (det siste i samarbeid med UiB).
Trondheim ingeniørhøgskole, TIH, satsa på kurs om drift og vedlikehald av edb-system og nettverk, utvikling av programvare for fjernundervisning og evaluering, administrasjon/bruk av elektroniske konferansar i fjernundervisning. Tilbyr grunn-, og mellomfag. Ønskjer i samarbeid med IFI/AVH også å gi hovudfagstilbod innan distribuerte datasystem.
Universitet i Trondheim, Institutt for informatikk (IFI)/AVH, tilbyr universitetskurs i informatikk på mellom- og hovudfagsnivå, og gir hovudfagsrettleiing.
Frå 1. august 1994 gjekk dei 3 nemnde høgskulane inn i den nye, nasjonale strukturen, som del av respektive Høgskolen i Agder (HiA), Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST). Ein reknar med at NITOL-samarbeidet held fram med utgangspunkt i dei avdelingar som har etablert prosjektet. Til saman representerer dei 4 institusjonane eit variert fagmiljø med ulike spesialitetar, som kan kombinerast til nye, spennande tilbod med utgangspunkt i ingeniør-, lærar- og universitets-utdanning.
Forsøka i Noreg har særleg vore retta mot dei som utviklar og brukar læremiddel basert på ny teknologi ('Advanced Learning Technology Professionals', ALTP). Den første utprøvingsperioden ('First User Trials') gjekk frå oktober '92 til juni '93, basert på 3-4 kurs med svært avgrensa publikum. Andre utprøvingsperiode ('Second User Trials') blei gjennomført vårsemesteret '94. Her prøvde ein ut eit større utval av kurs, med fleire instruktørar og studentar enn i det første forsøket.
JITOL er prosjekt nr. D 2015 innan DELTA, blei starta 01.01.92, og blir avslutta 31.12.94. Hovudmålet med JITOL-prosjektet er å oppnå kunnskapar og erfaring gjennom forsøk og pilot-testing - med open læring, særskilt innan tre ulike fagområde:
Kursa vart utvikla med stor vekt på bruk av informasjonsteknologi. Alle førelesningar og øvingar vart utvikla slik at dei kunne bli henta elektronisk via nettverk. JITOL-forsøket nytta seg av Winix-nettet, som hadde gode eigenskapar med omsyn til formidling av både tekst, grafikk, programvarer - og ikkje minst: norske bokstavar. (Winix var i utgangspunktet hovudgrunnen til at Norge vart invitert med i JITOL-prosjektet.) Konferansar vart oppretta, ein for læremateriell og ein for fagleg diskusjon innan kvart kurs. Ein ville prøva å skapa eit virtuelt, dynamisk læringsmiljø.
Kursa blei gitt våren ‘93 og våren ‘94. Omlag 50 - 60 registrerte deltakarar har vore innom kursa. Nokre av dei berre for å sjå, andre for å ta eksamen. Somme studentar brukte kursa for å oppdatere seg med omsyn til andre fag dei skulle ta eksamen i. Andre har vore innom utan å registrere seg, men har likevel rapportert at dei hadde god nytte av den kunnskapen som låg i nettverket. Det har difor vore ein variert bruk av den kunnskapen som vart lagt til rette for bruk i JITOL-forsøket.
Erfaringar frå prosjektet så langt, har vore svært gode. Deltakarane har rapportert at dei har likt svært godt å ha fridom til å kunne velja tidspunkt for å arbeida med fagstoffet. Den tekniske sida var enkel å bruke, og det var heller ikkje noko problem for deltakarane å få tilgang til nødvendig utstyr. Vidare har dei rapportert at dei likte denne måten å læra på. Det einaste nokre klaga på, var sin eigen innsats. Dei skulle gjerne ha brukt meir tid. Til dette er å seia at det krev noko sjølv-disiplin når studentar har fridom til å velja tidspunkt for eige studiearbeid. Samstundes skal det også nemnast at mange av studentane tok desse kursa attåt dei ordinære faga dei tok - eller medan dei var i fullt arbeid. Dette gjorde dei mellom anna fordi dei fann tilbod på andre institusjonar som dei hadde interesse for, men som ikkje vart tilbodne ved eigen institusjon. Mangfaldet som oppsto i dette samarbeidet mellom institusjonane opplevde deltakarane som svært positivt. Samanliknar ein eksamensresultata med resultata dei regulære studentane oppnådde, finn vi ingen påviseleg skilnad.
I tillegg til dei deltakarane som tok eksamen og såleis var studentar, har andre, mellom anna lærarar fra videregåande skular, rapportert at det var svært ‘kjekt’ å kunne kikke på dei faga som låg i nettet og på dei diskusjonane som oppsto. Nokre rapporterte at dei faktisk brukte kunnskapen både til å oppdatere seg sjølv og i førelesingane sine.
Skal ein summere opp, så ser det ut som om fleksibiliteten i eit slikt system har appell til svært mange. Dei positive tilbakemeldingane var så mange og så eintydige at dette talar for å halda fram med utviklingsarbeidet. Med dette som bakgrunn, såg ein difor eit potensiale i å utvikla eit ope, fleksibelt utdanningstilbod på universitets-nivå.