Realisering


5.1 Informasjon til lesarar av NITOL-katalogen
5.2 Kursoversikt H/94
5.3 Kontakt-adresser

1994 er ein overgangsfase mellom JITOL- og NITOL-prosjekta. Siste utprøvingsperiode, Second User Trials, innan JITOL blir avslutta 30.06.94, med oppsummering, evaluering etc. hausten ‘94. Søknaden om NITOL vart oversendt SOFF i januar ‘94, førebels løfte om tildeling vart gjeve i slutten av mars, og overføring av midlar kom først i juni. Realisering av prosjektet alt frå semester-start i september ‘94 må sjåast på denne bakgrunnen. Ein felles kurs-katalog er distribuert i løpet av sommaren ‘94.

5.1 Informasjon til lesarar av NITOL-katalogen

5.1.1 Bakgrunn

Dette tilbudet blei initiert som del av DELTA-programmets JITOL-prosjekt (Just In Time Open Learning, 1992-94), eit samarbeid mellom 12 europeiske partnarar frå 8 land. Norge deltok som partnar, med m.a. AID, SLH, UniT og TIH/TISIP som sentrale aktørar. Aktiviteten blir no ført vidare som ein del av innhaldet i Norgesnettet, med støtte frå SOFF (Sentralorganet for fjernundervisning på høgre nivå). I tillegg til å vera eit reelt tilbod for vaksne utdanningssøkjande, er føremålet å prøva ut elektroniske nettverk som medium for kurs- presentasjon, rettleiing og samarbeidsformer av ulike slag, for studentar, lærarar og andre fagfolk innan fleire emne- og fagområde. NITOL-prosjektet (Norgesnettet med IT for Open Læring) er eit samarbeid mellom Universitetet i Trondheim, Agder ingeniør- og distriktshøgskole, Trondheim ingeniørhøgskole og Stord lærarhøgskule (no: HiA, HiST og HSH). Tilboda i katalogen baserer seg på erfaring frå JITOL, samt på interesser og utvikling i dei involverte, norske fagmiljøa.

Kurstilboda for H/94 er i hovedsak klare for igangsetjing ca 1. september, når studentane melder seg. Det vil bli utarbeidd ein tilsvarende katalog for V/95. Ein del av planane for V/95 er likevel tekne med i denne katalogen, som ei orientering til interesserte, og som indikasjon på at det skal være råd å byggja vidare på denne studieforma. Ein reknar med å kunna byggja opp både 10 og 20 vektalls-grupper innan det totale kurstilbodet. Visse restriksjonar på kurs- val vil då bli innført.

5.1.2 Utstyrs- og programplattform

Grunnutstyr for deltaking er ein relativt kraftig PC (386/486-prosessor, 4-8 Mb RAM, 100-200 Mb HD osv.), med MS-Windows og kurs-relevant programvare for øvingar og kursarbeid. Deltakarane må vidare å ha tilgang til elektronisk nettverk, via modem eller anna lokal tilkopling til t.d.. Uninett, INTERNET e.l. For dei aller fleste kursa vil høve til overføring av formaterte filer (Word-dokument, grafikk etc.) vera eit tilleggskrav. NITOL-forsøket baserer seg på bruk av Winix-systemet, der 'Appendix'-fasiliteten er den enkle måten å overføra slike filer på. Så og seia alle kurstilboda blir i denne omgang distribuerte slik. For einskildbrukarar kan Winix-Remote vera aktuelt for tilgang til næraste Winix-node.

5.1.3 Registrering/deltaking

NITOL-forsøket er meint som eit breitt tilbod. Interesserte kan ta kontakt med kursarrangør/ kontaktperson, via e-mail, for avtale om studentstatus, studieavgifter (i utgangspunktet sett til 1000 kr/vekttall), eksamen osv. Tilsette og studentar ved dei 4 involverte institusjonane betaler inga kursavgift. Påmeldingsfrist for H/94 er sett til 1. september. (Skjema for påmelding finn ein bak i katalogen.) "Kikkarar", som berre følgjer konferansar utan registrering, kan ikkje rekna med å få den e-post baserte oppfølging, rettleiing etc. som blir dei registrerte deltakarane til del. Dei kan heller ikkje gå opp til eksamen i dei aktuelle emna. Det kan også frå starten av, eller i løpet av semesteret, bli aktuelt å stengja konferansane for uregistrerte deltakarar.

Generelle førespurnader om NITOL osv. kan elles rettast til prosjektleiar Harald Haugen, Stord lærarhøgskule, e-mail: hhaugen@stordlh.no, telf. 53 49 13 76, telefax 53 41 01 60.

Spørsmål som gjeld kommunikasjon, Winix programvare etc. kan rettast til TISIP v/ Vidar Tilrem, e-mail: vidar@edb.tih.no, telf. 73 52 30 30, fax 73 55 95 41.


5.2 Kurs-oversikt H/94

5.2.1 Agder ingeniør- og distriktshøgskole, Grimstad

                                           (vekttal) (kontakt)
1 Dataverktøy I (grunnkurs)                      2   bodas@aid.no
2 Databehandling I (inf. i programmering i C++)  2   phh@aid.no
3 Datakommunikasjon (via World Wide Webb!)       2   Per.Sigmond@aid.no
4 Elementmetoden (konstruksjonsfag)              2   Lars.Line@aid.no
5 C++ & Windows programmering  I                 2   jjg@aid.no
6 C++ & Windows programmering II  (V/95!)        2   jjg@aid.no
7 Dataverktøy II (videreføring i Windows) (V/95!)2   jjg@aid.no
8 Databehandling II (videreg. progr., C++)(V/95!)2   phh@aid.no
9 Grunnleggende statistikk                (V/95!)1   bodas@aid.no

5.2.2 Stord lærarhøgskule, Stord:

                                           (vekttal) (kontakt)
10 Pedagogisk programvaredesign, grunnkurs       3   jtvedte@stordlh.no
10aPedagogisk programvaredesign, prosjektarbeid  1   jtvedte@stordlh.no
11 Programmering i Turbo Pascal                  4   slysne@stordlh.no
12 Pedagogisk anvendelse av systemtenking        2   hhaugen@stordlh.no
13 Systemdynamikk (innføring)                    2   rrougnoe@stordlh.no

5.2.3 Universitetet i Trondheim, AVH, Institutt for informatikk:

                                           (vekttal) (kontakt)
14 Databaseteknikk                               4   arvidh@ifi.unit.no
15 Neurale nett                                  3   arvidh@ifi.unit.no
16 Basis programvare                             5   arvids@ifi.unit.no
17 Menneske Maskin Interaksjon  (V/95)           3   asbjornt@ifi.unit.no

5.2.4 Trondheim ingeniørhøgskole, Trondheim:

                                           (vekttal) (kontakt)
18 Grunnkurs EDB                                 3   geir@edb.tih.no
19 Systemadministrasjon (forkunnsk. #18)         1   geir@edb.tih.no
20 Prosjektretta systemarbeid                    2   geir@edb.tih.no
21 Databaser                                     2   geir@edb.tih.no
22 Prosjekt  1                                   2   geir@edb.tih.no
23 Programmering i C/C++        (V95)            2   geir@edb.tih.no
24 Operativsystem               (V95)            2   geir@edb.tih.no
25 Datakommunikasjon            (V95)            2   geir@edb.tih.no
26 Applikasjonsutvikling        (V95)            2   geir@edb.tih.no
27 Prosjekt 2                   (V95)            2   geir@edb.tih.no

Kurs-utvalet må altså vurderast ut frå at dette er første semesteret med NITOL, at ein ser fram til å få meir erfaring med gjennomføring for eit breidare, norsk publikum, og at dei involverte institusjonar og personar etter kvart vil få meir røynsle med denne type studietilbod.


5.3 Kontakt-adresser

Ved kvar av dei 4 institusjonane er det ein hovud-kontakt for NITOL, med prosjekt-leiing lagt til Høgskolen Stord/Haugesund, Avd. for allmennfag. Følgjande adresser kan nyttast:

Høgskolen i Agder
Bodil Ask
4890 Grimstad
tel   : 37 09 21 31
fax   : 37 09 22 00
e-post: bodas@aid.no

Høgskolen Stord/Haugesund
Harald Haugen
5414 Rommetveit
tel   : 53 49 13 76
fax   : 53 41 01 60 
e-post: hhaugen@stordlh.no

Høgskolen i Sør-Trøndelag
Thorleif Hjeltnes
EC Dahlsgt. 2,
7004 Trondheim 
tel   : 73 55 95 48
fax   : 73 55 95 41
e-post: thorleif@edb.tih.no

Universitetet i Trondheim,AVH
Arvid Staupe
Ifi, AVH,
7055 Dragvoll
tel   : 73 59 17 25
fax   : 73 59 17 33
e-post: Arvid.Staupe@ifi.unit.no